Skribent: Elvira Mork Fauske

  • Kystfugler i Noreg

    I Noreg har vi ein lang kyst, og mange fuglar hekkar langsmed den. Alle kjenner til måker, som har blitt svært vanlege i byane, og til og med kan være til plage for nokre. (men det var vi som bygde byane der måkene hadde heimen sin). Om du har gått tur i fjæra har du nesten heilt sikkert sett tjelden som flyg lågt over vatnet, eller gråhegra som står på grunna og ventar tålmodig på ein fisk den kan snappe opp. Kanskje er du så heldig at du har gått tur på eit fuglefjell og sett lunde og alke!

    Måker

    Du veit nok kven måkene er. Mange irriterer seg over støyen frå måkene. Dei kan være svært nærgåande, og kan til og med stjele mat rett ut av hendene på folk. Det kan sjå og hørast ut som at det er svært mange måker, men i realiteten sliter mange av måkeartane, og minkar i antall. Både gråmåke og fiskemåke (kanskje dei vanlegaste måkene å sjå) er klassifisert på raudlista som sårbare, og krykkja er sterkt trua. Måkene er fantastiske, sosiale fuglar som treng vår hjelp, og dei fortenar absolutt ikkje at vi ser på dei som ein pest.

    Dei fleste kjenner nok ikkje til alle dei ulike artane vi har av måker i Noreg, og tenker nok berre «måke» når dei ser ein. Men vi har faktisk ti ulike artar som hekkar i Noreg. Dei kan du få lære om i presentasjonen under.

  • Fugler på fuglebrettet

    Fugler på fuglebrettet

    Vinteren kan vere ei vanskeleg og mager tid for mange fuglar. Når bakken er dekt av snø og der ikkje er noko insekter, slit fuglane med å finne mat. Derfor er det mange som vel å mate fuglane om vinteren, for å hjelpe dei med å overleve denne mørke årstida. Dersom du gjer det, har du ei unik moglegheit til å fuglar gjennom vindauget, utan å måtte forlate di eiga stove. Om du vil mate fuglane kan du gi dei frø, nøtter og meisebollar som d får kjøpt på butikken. Mange fuglar likar og frukt, brødsmuler av grovt brød og ost. Nokre ting, slik som loff, kake, avokado og sjokolade, bør du IKKJE gi fuglane. Loff og kake inneheld ikkje noko næring, og avokado og sjokolade er direkte giftig for fuglane.

    Når du ser ut vindauget, kan det vere kjekt å vite kva fuglane som besøker fuglebrettet heiter. Ved å trykke på dei ulike fuglane på biletet, kan du lære meir om kvar fugleart. Etterpå skal du løyse oppgåver knytt til det du har lært, så følg med!

    Nå har du lært noko om våre vanlegste fugler! Er du klar til å teste kunnskapen din ved å svare på nokre oppgåver?

    Tilpasninger: Fuglenes nebb og kva dei et

    Fuglar, som alle dyr, har ulike tilpasningar til miljøet deira, som dei har utvikla gjennom millionar av år. Maten fuglane et, påverkar og korleis dei er utforma. Når du følger med på fuglane på fuglebrettet, kan du sjå at dei har ulike nebb. Dette er fordi at dei et forskjellige ting, og nebba er utforma for å best kunne ete den maten dei et. Om du studerer fuglane nøye, kan du sjå kva favorittmaten deira er.

    Fuglar som et mest insekt, slik som rødstrupe og svarttrost, har tynne, spisse nebb, perfekt for på fange insekt. Dei som et plantekost som nøtter og frø, har tjukkare, kraftige nebb, som lett kan knuse skallet på frøa. Rovfugler, som lever av å ete andre dyr, har kraftige, krummete nebb.