I Noreg har vi ein lang kyst, og mange fuglar hekkar langsmed den. Alle kjenner til måker, som har blitt svært vanlege i byane, og til og med kan være til plage for nokre. (men det var vi som bygde byane der måkene hadde heimen sin). Om du har gått tur i fjæra har du nesten heilt sikkert sett tjelden som flyg lågt over vatnet, eller gråhegra som står på grunna og ventar tålmodig på ein fisk den kan snappe opp. Kanskje er du så heldig at du har gått tur på eit fuglefjell og sett lunde og alke!
Måker
Du veit nok kven måkene er. Mange irriterer seg over støyen frå måkene. Dei kan være svært nærgåande, og kan til og med stjele mat rett ut av hendene på folk. Det kan sjå og hørast ut som at det er svært mange måker, men i realiteten sliter mange av måkeartane, og minkar i antall. Både gråmåke og fiskemåke (kanskje dei vanlegaste måkene å sjå) er klassifisert på raudlista som sårbare, og krykkja er sterkt trua. Måkene er fantastiske, sosiale fuglar som treng vår hjelp, og dei fortenar absolutt ikkje at vi ser på dei som ein pest.
Dei fleste kjenner nok ikkje til alle dei ulike artane vi har av måker i Noreg, og tenker nok berre «måke» når dei ser ein. Men vi har faktisk ti ulike artar som hekkar i Noreg. Dei kan du få lære om i presentasjonen under.